Forbedringslederskolen løfter Giske kommune

Cecilie Holen, seniorrådgiver for kvalitet og beredskap i Giske kommune, deler sin erfaring med Lean og forbedringsarbeid gjennom forbedringslederskolen. Hun beskriver hvordan de har implementert Lean-prinsipper og oppnådd fremgang i legemiddelhåndtering og på andre områder.

Etter at dei nye internkontrollreglane i kommunelova trådde i kraft 1. januar 2021, oppretta Kommunedirektøren i Giske kommune stillinga som Seniorrådgivar kvalitet og beredskap. Til stillinga ligg internkontroll, beredskap, personvern, kvalitetsarbeid og å leie prosjekt i ulike storleikar. Eg og kommunedirektøren såg derfor stor nytte i at eg skulle få ta grønt og svart belte på Forbetringsleiarskulen.

I tida eg gjekk på Forbetringsleiarskulen leia eg eit Lean-arbeid knytt til legemiddelhandtering. I dette arbeidet fekk eg bruke i praksis det eg lærte på Forbetringsleiarskulen. Einingsleiarar og avdelingsleiarar frå alle einingar som handterer medisin var med på arbeidet. Vi gjennomførte VSM, Fiskebeinsanalyse, 5 kvifor, brukte prioriteringsmatrise og laga Problemløysings-A3. Det blei også, som ein del av handlingsplanen, sett i gang eit 5S-arbeid på alle medisinromma i kommunen. Det å jobbe med dette Leanarbeidet samtidig som eg gjekk på Forbetringsleiarskulen sikra framgang i det  praktiske arbeidet i kommunen, og forståing for Lean teori for meg. Det var også veldig nyttig å komme på samling og få tilbakemelding frå kurshaldar og dei andre kursdeltakarane undervegs i arbeidet vi heldt på med heime i Giske kommune.

Ein del av heimearbeidet mellom samlingane var å fylle ut Lean-speilet for Giske kommune. I etterkant av det bestemte toppleiinga i kommunen at eg skulle setje i gang eit kontinuerleg forbetringsarbeid for alle einingane i kommunen. I planleggingsfasen har eg nytta metoder eg har lært på Forbetringsleiarskulen. Og i opplæringa av dei tilsette i kommunen bruker eg lærdom og metoder eg har med meg frå Forbetringsleiarskulen.

Eg bruker også det eg har lært på Forbetringsleiarskulen i andre deler av jobben min. T.eks. på beredskapsfronten skal vi i år ha ei ny gjennomgang av Heilskapleg ROS-analyse. Her har eg laga ein Masterplan for å ha oversikt over alt vi skal igjennom. Eg har også brukt lean metodikk i beredskapsmøter og i gjennomføring av andre typar prosjekt.

Når ein deltek på ulike kurs er det ikkje alltid ein får gjort i praksis det ein har lært. Ofte er det eit interessant kurs, men det går i gløymeboka så snart ein kjem heim og kvardagen kjem. Men det eg har lært i Forbetringsleiarskulen har eg i aller høgste grad fått nytte av i min arbeidskvardag. Det ser kollegaene mine m.a. i møta eg leier, slik eg organiserer arbeidsdagen min, på kontoret mitt og på utsjånaden på møteromma på rådhuset.

Eg vil anbefale å delta på Forbetringsleiarskulen hos Flowit!


Referansen er skrevet av Cecilie Holen, seniorrådgiver for kvalitet og beredskap i Giske kommune.

Andre kundehistorier

Skroll til toppen